Biltunet Voss AS er ein fellesnemnar for bedriftene Biltunet Voss AS, Bilskadesenteret Voss AS, Voss Bil Lastebil AS og Voss Trafi kksenter (Hydro Texaco bensinstasjon). Bedriftene bak Biltunet Voss AS har drive med bil helt tilbake på 30-tallet, og Ford har hatt forhandlarstatus heilt sidan 1960.
Me er med våre 70 tilsette den største private arbeids plassen i kommunen og satsar mykje på eit triveleg og skapande arbeidsmiljø. Felles for alle i staben er ei unik bilinteresse, stor lokalkunnskap og vilje og evne til å lytta til kundane, og yta maksimal service. Me legg æra vår i å ha fornøgde kundar, og det at mange av kundane kjem tilbake gong etter gong tek me som eit signal på at me har lukkast med vår filosofi .
Det handlar om tillit!
Biltunet Voss AS er merkeforhandlar for Ford, Hyundai, Mazda og Nissan person- og varebilar, samt at vi har versktadavtale for Volvo og Renault. Biltunet forhandlar også Polaris snøscooter og ATV, samt BK-hengeren biltilhenger.
I tillegg kan vi tilby :
Servicereparasjonar
Glasreparasjoner
PKK-kontroll
Dekk-hotell
Sal av nye og brukte bilar
Sal av ATV og snøscootarar
Bilrekvisita
Bilforsikring
Bilfinansiering





